Medlemskap i foreininga
Bli medlem og støtt arbeidet med å bevare Leiten som ein del av kunst- og kulturarven vår. Saman kan vi sikre at historia blir teken vare på og formidla til nye generasjonar.
Eit kulturminne for framtida
Foreininga for kulturminnet Leiten er etablert for å ta vare på huset, eigedomen og historia som er knytt til staden.
Målet er å bevare og tilbakeføre bygget og omgjevnadene, og utvikle Leiten som ein stad for kunnskap, kunst og kulturformidling.
Det handlar ikkje om å bevare ein privat heim, men om å løfte fram historia om eit ektepar som skapte sitt eige livsgrunnlag gjennom kunsten.
Vi ønskjer at Leiten skal bli ein stad der både dagens og komande generasjonar kan oppleve og forstå denne delen av kulturhistoria vår.
Eit omfattande arbeid ligg framfor oss
Arbeidet er i gang, men mykje står att. Huset og eigedomen skal kartleggjast, sikrast og restaurerast. Kunst, inventar og historisk materiale skal vurderast og dokumenterast, og det skal leggjast til rette for framtidig formidling.
Dette er eit langsiktig prosjekt som vil krevje både fagkompetanse, økonomiske ressursar og frivillig engasjement.
Bli medlem – og ver med på å ta vare på Leiten
Ved å bli medlem i foreininga støttar du arbeidet med å bevare ein særmerkt del av kulturarven vår.
Du treng ikkje ha særlege forkunnskapar eller delta aktivt i arbeidet. Det viktigaste er at du ønskjer å støtte føremålet.
For dei som vil engasjere seg meir, vil det også vere mogleg å bidra med dugnadsarbeid, kompetanse eller andre former for frivillig innsats.
Eit breitt medlemsfellesskap gir foreininga eit sterkare grunnlag for å sikre Leiten for framtida.
Our Story