Ekteparet Leiten
Ansgar Leiten – Ein særmerkt kunstnar frå Vanylven
Av Ester Sørdal Klungre, Vanylven kunstlag
«All kunst krev sin fulle mann – derfor er det eit vilkår at ein kan frigjere seg sjølv. Ein må ha evne til å kople ut og søke inn i sitt indre «eg», til sine indre krefter. Først då er det råd å skape noko».
Dette uttalte Ansgar Leiten i eit avisintervju med Egil Heggen, og det gir på mange måtar eit bilete på denne særmerkte kunstnaren frå Eidså i Vanylven. For han var kunsten livet, og han levde livet sitt etter si eiga overtyding.
Kunstnaren Ansgar Leiten vart fødd i Syvde i 1908. Mesteparten av livet sitt levde han i heimkommunen, og han sette spor etter seg. Som biletkunstnar lever han vidare i ei imponerande mengd bilete som heng på veggane i privatheimar og i offentlege og private institusjonar.
Leiten levde av kunsten åleine i meir enn femti år. Dette var naturlegvis ikkje vanleg i ei lita Sunnmørsbygd, og han møtte nok ulike haldningar til den vegen han hadde valt å gå. Før han busette seg på Eidså saman med kona si, Elna, hadde han prøvd ulike delar av yrkeslivet, men målarsakene hadde han med seg overalt.
Han viste tidleg i barndomen interesse og evner for det kunstnarlege. Alt som ni-åring tok han kurs i teikning og måling.
I tillegg til å lese og studere teikning på eiga hand arbeidde han også saman med Jonas Peson i 1936–37. Han lærte mykje av han. Saman dreiv dei med dekorasjonsarbeid i m.a. kyrkjer.
I 1938 var det tid for å vise offentleg kva han hadde produsert. Då hadde han si første utstilling i Volda kunstlag. I 1949 bygde han saman med Elna det særmerkte huset deira på Eidså, eit lite kunstverk i seg sjølv, av hogd stein og med glasbitar i fugene. Frå då av var dette basen til familien Leiten, og tre born vaks opp der.
Ein verdsmann
Elna og Ansgar Leiten reiste fleire gonger til ulike land i Europa, og han let seg inspirere av det han såg og opplevde. Mange vil nok karakterisere Leiten som ein «verdsmann», oppteken som han var av andre kulturar, tenkjemåtar og levemåtar.
Same kvar ein møtte denne mannen – om det var på posthuset i heimbygda eller i storbyen – så merkte han seg ut med sine elegante dressar, gjerne supplert med hatt og spaserstokk. Og ein samtale med Leiten kunne aldri dreie seg berre om det kvardagslege – han kom alltid inn på det som opptok han mest: kunsten og dei store spørsmåla i livet.
Det er altså ikkje rett å seie at biletkunsten åleine var det som opptok Ansgar Leiten. Han var oppteken av filosofi, litteratur, musikk og religion. Dette kom også til uttrykk i dikta hans. Han gav ut 10 diktsamlingar på eige forlag der han gir uttrykk for tankar og oppfatningar om tilværet sine mange sider. I diktet «Mot vinden» frå samlinga Kvit vin, 1988, uttrykkjer Leiten noko av viljen som nok prega livet hans:
Mot vinden
Snu deg ikkje mot vinden
gå han heller imot.
Du er vel ikkje som eit hjelpelaust tre
han ofte riv opp med rot.
Du styrkjest ved å kjempe deg fram
og veit at du vinn kvar gong.
Vinden kan hyle det veit vi så vel
men svar han likevel med ein song.
Til sist så vert du hans overmann
då må han stilne og teie.
Ja slik skal du takle all ting i ditt liv
så meistra du straks heile greia.
Trass i mange kunstnaruttrykk, det er nok bileta Ansgar Leiten vert hugsa for. Som sagt, ein imponerande produksjon i ulike teknikkar og stilartar. I samband med 70-årsdagen sin uttalte han at han nok hadde malt fleire tusen bilete i løpet av livet sitt. Då hadde han 700–800 bilete berre i si private samling. Og dei siste åra av livet sitt var han aktiv som aldri før. Han vart 84 år gammal.
Sjølv om nok kunstnarlivet til tider kunne by på mange og harde utfordringar, ikkje minst økonomisk, fekk Leiten erfare at han verkeleg vart sett pris på av mange. Han var læremeister og heldt kurs i fleire målar-klubbar. Mange har lete seg inspirere av Leiten sine fargesterke og særmerkte bilete, men også av den fargerike kunstnaren sjølv.
I løpet av livet sitt heldt han ei rekkje utstillingar, og arbeida hans vart innkjøpt av galleri både i inn- og utland. I Vanylven heng arbeida hans på rådhuset, mange offentlege institusjonar og naturlegvis i mange heimar. Men arbeida hans finn ein også ei rekkje andre stader i landet. I 1991 blei Galleri Leiten opna i Stryn kulturhus. Her er det utstilt 60 av Ansgar Leiten sine arbeid. Dette er ei gåve til Stryn kommune, og utstillinga er permanent.
Mosaikkbilete, privat eige
Elna
Ein kan ikkje skrive noko om Ansgar Leiten utan også å nemne kona hans, Elna. Dei utfylte kvarandre på ein heilt spesiell måte, og ho var som Leiten sjølv sa den viktigaste kritikaren hans. Elna er sjølv svært kunstinteressert, kunnskapsrik og energisk og etter at ho vart åleine har ho halde fram med å dyrke kunsten og målar bilete i imponerande omfang. Kanskje var det henne Leiten hadde i tankane då han skreiv diktet Mi vesle grein?
Mi vesle grein
Eg sit slett ikkje åleine
Her på mi vesle grein.
Her er ein hjelpar med meg
Og ho er slett ikkje sein.
Skulle greina vår brotne
Datt vi nok heilt ned til jord.
Då var det kje hjelp i å gråte
Eller kome med ynkande ord.
Det som skal hende det hender
Vi tek imot det vi får.
Det vi har vona og trur på
Sikkert i stjernene står.
Frå Kvit vin, 1988