Karin Augusta Nogva er ein røynd samtidskunstar og grafikar med base i Ålesund. Det som ikkje er like kjent er at mormora budde «rett bort i gata» frå Leiten-huset.
I november var ho innom huset og fekk eit innblikk i breidda av kunsten til Ansgar Leiten og vi hadde eit spennande møte med nokon som både kjenner huset frå barndommen og som seinare vart kjent med Elna - både som vaksen og som utøvande kunstnar. Vi ser fram til fleire gode samtalar og drøftingar om kunsten og formidlinga!