Juli 2026 vart Foreining for kulturminnet Leiten etablert. Føremålet med organisasjonen er:
§2 Formål
Foreining for kulturminnet Leiten er eit frivillig, ideelt og allmennyttig lag.
Laget har til formål å eige, restaurere, forvalte og formidle kulturminnet Leiten.
Med kulturminnet Leiten meiner laget bygningar, eigedom, landskap, inventar, gjenstandar og dokumentasjon som samla fortel historia om eit ektepar som skapte ein leveveg gjennom kunsten, og den kulturhistoriske samanhengen mellom bustad, arbeidsplass og kunstnarverksemd.
Laget skal arbeide for å:
sikre Leiten som kulturminne for framtidige generasjonar,
restaurere og vedlikehalde bygningar og eigedom etter antikvariske prinsipp så langt det er praktisk, økonomisk og kulturfagleg forsvarleg,
dokumentere, bevare og formidle historia om Leiten,
samle inn, registrere og ta vare på gjenstandar, dokument og anna materiale med tilknyting til Leiten,
skaffe økonomiske og faglege ressursar til arbeidet.
Laget skal ikkje ha økonomisk vinning som formål