Søndag 22. november inviterte vi til auksjon og loppemarknad til inntekt for arbeidet med kulturminnet Leiten.
Vi la ut eit utval kunstverk av Ansgar Leiten og inventar frå Leiten-huset til sals. Kvar gjenstand fekk ein minstepris, sal skjer berre dersom denne prisen vert nådd.
——
Hjarteleg takk til alle som kom innom i dag! Det er veldig kjekt å sjå kor mange som er interessert, som har historier å fortelle og som gjerne vil følge med på vegen vidare for kulturminnet Leiten.
Mange tok turen frå ytre, indre og søndre, trossa speglblanke vegar og for å sitere noko vi overhøyrde besøkande sa: «Dei som ikkje er her i dag går verkeleg glipp av noko!»
Fleire maleri har allereie kome opp på veggane til nye eigarar og mange av gjenstandane likeeins – likevel har vi framleis mykje spanande i hyllene. Der er også nokre maleri som framleis er til sals.
Butikken vert open laurdagar kl 12 – 14 i vekene framover.
Ta deg ein tur! Om du så berre er interessert i å få eit innblikk i breidda av kunstnarlivet til Leiten.
(Foto: John Willy Klungre)